18 Dei delte prestane inn i skift og levittane i avdelingar; dei skulle syta for gudstenesta i Jerusalem, så som føreskrive er i Moseboka.
19 Den fjortande dagen i den fyrste månaden heldt dei heimkomne påskehelg.
20 Levittane hadde då reinsa seg og var reine alle som ein. Dei slakta påskelammet for alle dei heimkomne, for brørne sine, prestane, og for seg sjølve.
21 Så åt israelittane påskelammet, både dei som var komne heim or fangenskapet, og alle som hadde skilt seg frå folket i landet og ureinskapen deira fordi dei ville tilbe Herren, Israels Gud, saman med dei andre.
22 I sju dagar heldt israelittane usyrdebrødshelga. Gleda var stor; for Herren hadde gjort dei glade då han vekte assyrarkongens velvilje, så kongen stødde dei i arbeidet på templet åt Israels Gud.