3 I det fyrste året kong Kyros styrte, gav han dette påbodet om Guds hus i Jerusalem: Huset skal byggjast opp att, så det vert ein stad der folk ber fram offer. Grunnvollen skal leggjast på nytt. Sjølve templet skal vera seksti alner høgt og seksti alner breitt.
4 Det skal byggjast med tre lag tilhogne steinar og kledast innvendig med eitt lag tre. Utgiftene skal berast av kongens skattkammer.
5 Gullkara og sølvkara som høyrde Guds hus til, og som Nebukadnesar tok ut or templet i Jerusalem og førte til Babylon, skal gjevast tilbake. Dei skal førast til Jerusalem og setjast på sin rette stad i templet der.
6 «No skal du, Tattenai, statthaldar i provinsen vestanfor Eufrat, og du Sjetar-Bosnai og embetsbrørne dykkar, embetsmennene i provinsen, halda dykk borte frå Jerusalem.
7 Legg ikkje hindringar i vegen for arbeidet på dette Guds hus! Lat statthaldaren og dei eldste hjå jødane få byggja opp att templet på den gamle staden.
8 Eg gjev no påbod om kva de skal gjera for desse eldste hjå jødane, så bygginga kan halda fram: Av dei skatteinntektene som kongen har i provinsen, skal de fullt ut dekkja utgiftene for desse mennene, så arbeidet ikkje stansar.
9 Alt det som trengst av unge oksar, verar og lam til brennoffer for Gud i himmelen, skal kvar dag gjevast etter oppgåve frå prestane i Jerusalem. Det same gjeld kveite, salt, vin og olje.