8 Eg gjev no påbod om kva de skal gjera for desse eldste hjå jødane, så bygginga kan halda fram: Av dei skatteinntektene som kongen har i provinsen, skal de fullt ut dekkja utgiftene for desse mennene, så arbeidet ikkje stansar.
9 Alt det som trengst av unge oksar, verar og lam til brennoffer for Gud i himmelen, skal kvar dag gjevast etter oppgåve frå prestane i Jerusalem. Det same gjeld kveite, salt, vin og olje.
10 Så skal dei bera fram velluktande offergåver for Gud i himmelen og be om eit langt liv for kongen og sønene hans.
11 Dette påbodet gjev eg òg: Kvar den som krenkjer denne føresegna, skal få ein bjelke riven ut or huset sitt; den skal han hengjast opp på og naglast fast til. Huset hans skal gjerast til ein skraphaug, fordi han bar seg såleis åt.
12 Gjev så at den Gud som har late namnet sitt bu i templet, må slå ned alle kongar og folk som krenkjer denne føresegna og vil øydeleggja Guds hus i Jerusalem. Eg, Dareios, gjev dette påbodet, og det skal fylgjast fullt ut.»
13 Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira gjorde då i alle måtar så som kong Dareios hadde gjeve påbod om.
14 Dei eldste mellom jødane heldt fram med bygginga og hadde god framgang, medan profeten Haggai og Sakarja, soneson til Iddo, sette mot i dei med profetorda sine. Dei fullførte arbeidet så som Israels Gud hadde sagt, og etter føresegn frå persarkongane Kyros, Dareios og Artaxerxes.