11 Dette er ei avskrift av brevet frå kong Artaxerxes til presten Esra, den skriftlærde, som var kunnig i dei bod og føreskrifter som Herren har gjeve Israel:
12 «Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, den skriftlærde, som er kunnig i lova åt Gud i himmelen.
13 Dette påbodet gjev eg: Alle israelittar, prestar og levittar i kongeriket mitt som vil fara til Jerusalem, kan fylgja deg.
14 For kongen og dei sju rådgjevarane hans sender deg til Judea og Jerusalem. Der skal du røkja etter om tilhøva er i samsvar med lova åt din Gud, som du har hjå deg.
15 Du skal ta med deg sølvet og gullet som kongen og rådgjevarane hans gjev til Israels Gud, han som har bustaden sin i Jerusalem.
16 Du skal òg ta med deg alt sølvet og gullet som du får i provinsen Babylon, og dei gåvene som folket og prestane gjev til huset åt sin Gud i Jerusalem.
17 Desse pengane skal du bruka samvitsfullt og kjøpa oksar, verar og lam, og dei grødeoffer og drikkoffer som høyrer til. Alt dette skal du ofra på altaret i Guds hus i Jerusalem.