18 Resten av sølvet og gullet skal du og brørne dine bruka så som de meiner det er rett etter dykkar Guds vilje.
19 Men dei kara som du har fått til tempeltenesta, skal du gje frå deg i Jerusalem for Guds åsyn.
20 Utgiftene som du elles har til huset åt din Gud, skal kongens skattkammer bera.
21 Eg, kong Artaxerxes, gjev alle skattmeistrane i provinsen vestanfor Eufrat dette påbodet: Alt det presten Esra bed om – han som er kunnig i lova åt Gud i himmelen – skal de la han få fullt ut,
22 opp til 100 talentar sølv, 100 kor kveite, 100 bat vin, 100 bat olje og salt så mykje han vil ha.
23 Alt som Gud i himmelen krev for templet sitt, skal de gjera med iver. Elles kjem hans vreide over riket åt kongen og sønene hans.
24 De skal vita at ingen har rett til å krevja skattar eller avgifter i varer og pengar av prestar, levittar, songarar, dørvaktarar, tempeltenarar eller andre som gjer teneste i dette Guds hus.