2 son til Sjallum, son til Sadok, son til Akitub,
3 son til Amarja, son til Asarja, son til Merajot,
4 son til Serakja, son til Ussi, son til Bukki,
5 son til Abisjua, son til Pinhas, son til Elasar, son til Aron, øvstepresten.
6 Esra var ein skriftlærd mann og hadde god kjennskap til Moselova, som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav han alt han bad om, for Herren hans Gud heldt si hand over han.
7 I det sjuande året Artaxerxes var konge, drog nokre israelittar med prestar, levittar, songarar, portvaktarar og tempeltenarar til Jerusalem.
8 Dei kom til Jerusalem i den femte månaden i kongens sjuande styringsår.