24 De skal vita at ingen har rett til å krevja skattar eller avgifter i varer og pengar av prestar, levittar, songarar, dørvaktarar, tempeltenarar eller andre som gjer teneste i dette Guds hus.
25 Og du, Esra, skal etter den visdom du har fått av Gud, setja inn skrivarar og domarar til å skifta rett mellom heile folket i provinsen vestanfor Eufrat. Dei skal skifta rett mellom alle som kjenner din Guds lov, og forkynna lova for dei som ikkje kjenner henne.
26 Og kvar den som ikkje lever etter lova åt din Gud og lova åt kongen, skal få ein rettferdig dom, anten straffa vert død, landlysing, bot eller fengsel.»
27 Då sa Esra: «Lova vere Herren, våre fedrars Gud, som gav kongen den tanken at han skulle pryda Herrens hus i Jerusalem,
28 og lét kongen og rådgjevarane og alle dei mektige embetsmennene hans få godvilje for meg. Herren min Gud heldt si hand over meg. Difor kjende eg meg sterk og samla nokre av hovdingane i Israel; dei skulle fara opp til Jerusalem saman med meg.»