6 Esra var ein skriftlærd mann og hadde god kjennskap til Moselova, som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav han alt han bad om, for Herren hans Gud heldt si hand over han.
7 I det sjuande året Artaxerxes var konge, drog nokre israelittar med prestar, levittar, songarar, portvaktarar og tempeltenarar til Jerusalem.
8 Dei kom til Jerusalem i den femte månaden i kongens sjuande styringsår.
9 Esra hadde avgjort at dei skulle fara frå Babylonia den fyrste dagen i den fyrste månaden, og den fyrste dagen i den femte månaden kom han til Jerusalem. For hans Gud heldt si gode hand over han.
10 For Esra hadde sett seg føre å granska Herrens lov, å fylgja henne og å læra folket i Israel lov og rett.
11 Dette er ei avskrift av brevet frå kong Artaxerxes til presten Esra, den skriftlærde, som var kunnig i dei bod og føreskrifter som Herren har gjeve Israel:
12 «Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, den skriftlærde, som er kunnig i lova åt Gud i himmelen.