7 I det sjuande året Artaxerxes var konge, drog nokre israelittar med prestar, levittar, songarar, portvaktarar og tempeltenarar til Jerusalem.
8 Dei kom til Jerusalem i den femte månaden i kongens sjuande styringsår.
9 Esra hadde avgjort at dei skulle fara frå Babylonia den fyrste dagen i den fyrste månaden, og den fyrste dagen i den femte månaden kom han til Jerusalem. For hans Gud heldt si gode hand over han.
10 For Esra hadde sett seg føre å granska Herrens lov, å fylgja henne og å læra folket i Israel lov og rett.
11 Dette er ei avskrift av brevet frå kong Artaxerxes til presten Esra, den skriftlærde, som var kunnig i dei bod og føreskrifter som Herren har gjeve Israel:
12 «Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, den skriftlærde, som er kunnig i lova åt Gud i himmelen.
13 Dette påbodet gjev eg: Alle israelittar, prestar og levittar i kongeriket mitt som vil fara til Jerusalem, kan fylgja deg.