1 Dette er dei ættehovdingane som fylgde meg heim frå Babylonia då Artaxerxes var konge. Her vert dei nemnde etter ættelistene:
2 Av Pinhas-ætta Gersjom; av Itamar-ætta Daniel; av Davids-ætta Hattusj,
3 son til Sjekanja; av Parosj-ætta Sakarja og med han 150 mann som var oppskrivne i ættelistene;
4 av Pakat-Moab-ætta Eljoenai, son til Serakja, og 200 mann med han;
5 av Sattu-ætta Sjekanja, son til Jahasiel, og 300 mann med han;
6 av Adin-ætta Ebed, son til Jonatan, og 50 mann med han;
7 av Elam-ætta Jesaja, son til Atalja, og 70 mann med han;