13 som dei siste av Adonikam-ætta Elifelet, Je’iel og Sjemaja og 60 mann med dei;
14 av Bigvai-ætta Utai og Sakkur og 70 mann med dei.
15 Eg samla dei attmed den elva som renn til Ahava. Der låg vi i leir i tre dagar. Då eg mønstra folket og prestane, fann eg ingen av levittane mellom dei.
16 Eg sende då bod etter ættehovdingane Elieser, Ariel, Sjemaja, Elnatan, Jarib, Elnatan, Natan, Sakarja og Mesjullam og etter lærarane Jojarib og Elnatan.
17 Eg bad dei fara til Iddo, leiaren i Kasifja. Og eg fortalde dei kva dei skulle seia til han og bror hans, som var tempeltenarar der; dei skulle be om tenarar til huset åt vår Gud.
18 Gud heldt si gode hand over oss, så dei sende oss ein vitug mann som heitte Sjerebja – ein etterkomar etter Makli, son til Levi, som var son til Israel – og sønene og brørne hans, 18 i talet.
19 Like eins sende dei Hasjabja og med han Jesaja av Merari-ætta, og brørne hans og sønene deira, 20 i talet,