16 Eg sende då bod etter ættehovdingane Elieser, Ariel, Sjemaja, Elnatan, Jarib, Elnatan, Natan, Sakarja og Mesjullam og etter lærarane Jojarib og Elnatan.
17 Eg bad dei fara til Iddo, leiaren i Kasifja. Og eg fortalde dei kva dei skulle seia til han og bror hans, som var tempeltenarar der; dei skulle be om tenarar til huset åt vår Gud.
18 Gud heldt si gode hand over oss, så dei sende oss ein vitug mann som heitte Sjerebja – ein etterkomar etter Makli, son til Levi, som var son til Israel – og sønene og brørne hans, 18 i talet.
19 Like eins sende dei Hasjabja og med han Jesaja av Merari-ætta, og brørne hans og sønene deira, 20 i talet,
20 og 220 av dei tempeltenarane som David og hovdingane hadde sett til å vera tenarar for levittane. Alle desse er oppskrivne i ættelistene.
21 Der ved Ahava-elva lyste eg ut ei faste. Vi skulle audmykja oss for vår Gud og be om ei god ferd for oss sjølve og borna våre og for alt det vi åtte.
22 For eg skjemdest over å be kongen om stridsmenn og hestfolk til å hjelpa oss mot fiendar på vegen. Vi hadde då sagt til han at vår Gud held si hand over alle som søkjer han, og gjer vel imot dei, men at han lèt si makt og sin vreide koma over alle som vender seg bort frå han.