24 Så valde eg ut tolv av dei øvste prestane og Sjerebja, Hasjabja og ti av brørne deira.
25 Eg vog opp for dei sølvet, gullet og kara, alle gåvene til Guds hus frå kongen, rådgjevarane og hovdingane hans, og frå alle israelittane som budde der.
26 Det eg vog opp, lét eg dei få: 650 talentar sølv, sølvkar som var verde 100 talentar, 100 talentar gull,
27 20 gullstaup som var verde 1 000 dareikar, og 2 kar av fin, skinande bronse, dyr som gull.
28 Eg sa til dei: «De er vigde til Herren. Kara òg er vigde, og sølvet og gullet er friviljuge gåver til Herren, dykkar fedrars Gud.
29 Ta vel vare på alt dette til dess de kan vega det opp for dei øvste prestane, levittane og Israels ættehovdingar i Jerusalem, i roma ved templet.
30 Prestane og levittane tok imot sølvet og gullet og kara, alt som var oppvege. Dei skulle føra desse gåvene til huset åt vår Gud i Jerusalem.