28 Eg sa til dei: «De er vigde til Herren. Kara òg er vigde, og sølvet og gullet er friviljuge gåver til Herren, dykkar fedrars Gud.
29 Ta vel vare på alt dette til dess de kan vega det opp for dei øvste prestane, levittane og Israels ættehovdingar i Jerusalem, i roma ved templet.
30 Prestane og levittane tok imot sølvet og gullet og kara, alt som var oppvege. Dei skulle føra desse gåvene til huset åt vår Gud i Jerusalem.
31 Den tolvte dagen i den fyrste månaden tok vi ut frå Ahava-elva og drog til Jerusalem. Vår Gud heldt si hand over oss og berga oss frå fiendar og landevegsrøvarar som ville ta på oss.
32 Då vi kom til Jerusalem, kvilte vi i tre dagar.
33 Den fjerde dagen vog vi opp sølvet og gullet og kara i huset åt vår Gud og gav alt til presten Meremot, son til Uria. Saman med han var Elasar, son til Pinhas, og levittane Josabad, son til Josva, og Noadja, son til Binnui.
34 Alt vart overgjeve etter tal og vekt, og vekta vart samstundes oppskriven.