33 Den fjerde dagen vog vi opp sølvet og gullet og kara i huset åt vår Gud og gav alt til presten Meremot, son til Uria. Saman med han var Elasar, son til Pinhas, og levittane Josabad, son til Josva, og Noadja, son til Binnui.
34 Alt vart overgjeve etter tal og vekt, og vekta vart samstundes oppskriven.
35 Dei bortførte som var komne heim att or fangenskapet i Babylonia, bar fram brennoffer for Israels Gud. Dei ofra 12 oksar for heile Israel, 96 verar, 77 lam og som syndoffer 12 bukkar. Alt dette var brennoffer til Herren.
36 Sidan bar dei fram føresegnene åt kongen til dei kongelege satrapane og til statthaldarane hans i provinsen vestanfor Eufrat. Desse mennene gav si støtte til folket og til Guds hus i Jerusalem.