9 av Joab-ætta Obadja, son til Jehiel, og 218 mann med han;
10 av Bani-ætta Sjelomit, son til Josifja, og 160 mann med han;
11 av Bebai-ætta Sakarja, son til Bebai, og 28 mann med han;
12 av Asgad-ætta Johanan, son til Hakkatan, og 110 mann med han;
13 som dei siste av Adonikam-ætta Elifelet, Je’iel og Sjemaja og 60 mann med dei;
14 av Bigvai-ætta Utai og Sakkur og 70 mann med dei.
15 Eg samla dei attmed den elva som renn til Ahava. Der låg vi i leir i tre dagar. Då eg mønstra folket og prestane, fann eg ingen av levittane mellom dei.