1 Då dette var gjort, kom leiarane til meg og sa: «Korkje Israels-folket eller prestane og levittane har skilt seg frå dei framande folka og styggedomen deira, frå kanaanearane, hetittane, perisittane, jebusittane, ammonittane, moabittane, egyptarane og amorittane.
2 For dei har teke koner åt seg og sønene sine mellom døtrene deira, så den heilage ætta har vorte blanda med framande folkeslag. Leiarane og forstandarane har vore dei fyrste til å fara med slik utruskap.»
3 Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjortel og kappe, reiv meg i hår og skjegg og sette meg ned, heilt avskræmd.
4 Alle som hadde age for det Israels Gud hadde sagt, var oppskaka over utruskapen mellom dei heimkomne. Dei samla seg kring meg, men eg sat mållaus heilt til kveldsofferet skulle berast fram.
5 Då reiste eg meg frå mi botsstilling. Med sundriven kjortel og kappe kasta eg meg på kne, breidde ut hendene mine mot Herren min Gud
6 og bad:Min Gud! Eg kjenner meg for skamfull og audmykt til å venda andletet opp mot deg, min Gud! For syndene våre har vakse oss over hovudet, og skulda vår er så stor at ho når til himmelen.
7 Frå våre fedrars dagar og heilt til no har skulda vår vore stor. Fordi vi har synda, har vi og kongane og prestane våre vorte gjevne i hendene på framande kongar. Vi har kome ut for sverd, fangenskap, plyndring og vanære, så som det er i dag.