11 som du gav gjennom tenarane dine, profetane, då du sa: Det landet som de dreg inn i og skal ta i eige, er ureint. Dei framande folka har fylt det med avgudsdyrking og annan styggedom og gjort det ureint frå ende til annan.
12 Difor skal de ikkje gifta bort døtrene dykkar til menn av det framande folket. De skal heller ikkje finna koner til sønene dykkar mellom dei og aldri hjelpa dei til velferd og lukke. Då skal de verta sterke og få nyta alt det gode i landet, og borna dykkar skal få det til odel og eige for alltid.
13 Mykje har kome over oss fordi gjerningane våre har vore vonde og skulda vår er stor. Men du, vår Gud, har ikkje gjeve oss den straff vi var verde for våre misgjerningar, og nokre av oss har du late sleppa unna.
14 Skulle vi då atter bryta dine bod og ha samgifte med folk som fer med slik styggedom? Då ville du harmast og gjera ende på oss, så ingen vart att og ingen slapp unna.
15 Herre, Israels Gud, du er rettferdig. Difor er vi i dag ein rest som har sloppe unna. Sjå, no stig vi fram for deg med vår skuld. Etter det som har hendt, kan ingen verta ståande for deg.