Esra 9:7-13 N78NN

7 Frå våre fedrars dagar og heilt til no har skulda vår vore stor. Fordi vi har synda, har vi og kongane og prestane våre vorte gjevne i hendene på framande kongar. Vi har kome ut for sverd, fangenskap, plyndring og vanære, så som det er i dag.

8 Men no har Herren vår Gud ei lita stund vore nådig mot oss og late ein rest av oss sleppa unna. Han har gjeve oss fotfeste på den heilage staden, har fått augo våre til å stråla og gjeve oss ny kraft i vår trældom.

9 For vi er trælar, men vår Gud har ikkje sleppt oss i trældomen. Han har late persarkongane få godvilje for oss, så dei gav oss mot og kraft til å byggja opp att templet for vår Gud og reisa det or røysane, og han laga det så at dei gjorde Judea og Jerusalem til ein trygg bustad for oss.

10 Kva skal vi no seia etter dette, vår Gud? Vi har brote dine bod,

11 som du gav gjennom tenarane dine, profetane, då du sa: Det landet som de dreg inn i og skal ta i eige, er ureint. Dei framande folka har fylt det med avgudsdyrking og annan styggedom og gjort det ureint frå ende til annan.

12 Difor skal de ikkje gifta bort døtrene dykkar til menn av det framande folket. De skal heller ikkje finna koner til sønene dykkar mellom dei og aldri hjelpa dei til velferd og lukke. Då skal de verta sterke og få nyta alt det gode i landet, og borna dykkar skal få det til odel og eige for alltid.

13 Mykje har kome over oss fordi gjerningane våre har vore vonde og skulda vår er stor. Men du, vår Gud, har ikkje gjeve oss den straff vi var verde for våre misgjerningar, og nokre av oss har du late sleppa unna.