12 Ve den som byggjer ein by ¬med bloddådog reiser ei borg med urett
13 – kjem ikkje dette frå Herren, ¬Allhærs Gud? –så folka må streva for eldenog folkeslaga slita for inkje!
14 For jorda skal fyllastmed kunnskap ¬om Herrens herlegdom,liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn.
15 Ve den som skjenker sin neste,som blandar gift i drikken,ja, gjer han drukken,så han kan sjå ¬hans nakne kropp.
16 Du vert mett av skam ¬og ikkje av ære.Så drikk du òg, og rag ikring!Staupet i Herrens høgre handskal koma til deg,og di ære skal gøymast ¬av skam.
17 Di valdsferd mot Libanonskal koma over deg sjølv.Du skal knusastfordi du mishandla dyr,fordi du rende ut ¬menneskeblodog gjorde vald mot landet,mot byen og alle som bur der.
18 Kva gagnar eit gudebilete,om det er skore av ein meister?Kva gagnar eit støypt bilete,som gjev falske svar,om meisteren lit på sitt verk,dei mållause gudane ¬han har laga?