Habakkuk 1 N78NN

1 Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.

Klage over urettferd

2 Kor lenge, Herre, skal eg ropautan at du gjev meg svar,klaga og skrika til deg om valdutan at du frelser?

3 Kvifor lèt du meg sjå urettog vera vitne til ulukke?Eg ser berre øyding og vald,det kjem til strid og trette.

4 Difor er lova maktlaus,og retten vinn ikkje fram.For gudlause kringset ¬dei rettvise,og dermed vert retten rengd.

Guds straffedom ved kaldearane

5 Gjev akt på folka, sjå dykk om,mållause av undring!For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar– de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt!

6 Sjå, eg vekkjer kaldearane,det harde og framfuse folket,som fer så vide ikring på jordaog tek framande bustader ¬i eige.

7 Grufulle og skræmande er dei,dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.

8 Deira hestar er raskare ¬enn leopardar,snøggare spring dei ¬enn steppeulvar.Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan,deira ridehestar ¬frå land langt borte.Som ørna på jakt etter føde

9 kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk.Stridslystne går dei på,dei samlar fangar som sand.

10 Dei spottar kongarog har hovdingar til lått.Dei ler åt kvar festning,kastar opp ein voll ¬og tek henne.

11 Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden.Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud.

Kvifor har du tol med dei trulause?

12 Er ikkje du frå gamal tid,Herre, min heilage Gud, ¬du som aldri døyr?Du, Herre, ¬har sett dei til å straffa,du, vårt berg, ¬har sendt dei til å tukta.

13 Augo dine er for reine ¬til å sjå på det vonde,og ulukke orkar du ikkje ¬å skoda.Kvifor har du tol ¬med dei trulauseog teier når gudlause slukerdei som er rettferdigare ¬enn dei sjølve?

14 Du gjer med mennesket ¬som med fisken i sjøen,som med kreket utan herre.

15 Dei dreg dei alle opp ¬med krok,og halar dei inn med not,dei samlar dei i garnet.Difor er dei jublande glade.

16 Difor ofrar dei til notaog brenner røykjelse ¬for garnet.For feit er fangsten ¬som desse gjev dei,og nærande er føda.

17 Skal dei då alltid få tøma notaog utan skånsel ¬gjera ende på folkeslag?

Kapitler

1 2 3