Nahum 3 N78NN

Ve den blodige byen!

1 Ve den blodige byen!Han er full av lygn og vald,aldri held han opp å røva.

2 Høyr svepesmell ¬og ramling av hjul,hestar i tvisprang ¬og slingrande vogner,

3 ryttarar som stormar fram.Lynande sverd ¬og blinkande spyd,mengder av drepne, ¬haugar av lik,ingen ende på falne kroppar– ein snåvar i lik.

4 Og dette henderpå grunn av all den utukt ¬ho dreiv,den fagre ¬og trollkunnige skjøkja.Ho gjorde folkeslag til trælar ¬med si utuktog trælbatt heile ætter ¬med si trolldomskunst.

5 Sjå, eg kjem over deg,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.Eg lyfter stakken opp ¬for ditt andletog viser folka din nakenskapog rika di skam.

6 Eg kastar skit på deg,vanærar deg ¬og syner deg fram.

7 Alle som ser deg, ¬skal røma frå degog seia: «Ninive er herja,kven har medkjensle ¬med henne?»Kvar skal eg leitaetter trøystarar til deg?

Spottevise om Ninive

8 Er du betre enn No-Amon,som låg ved Nilen, ¬med vatn ikring,som hadde hav ¬til festningsvollog vatn til mur?

9 Byen fekk sin store styrkefrå Nubia og Egypt.Put og Libya kom han ¬til hjelp.

10 Folket der ¬vart likevel bortført,det laut fara i fangenskap.Jamvel småborna deira ¬vart knustepå alle gatehjørne.Om adelsmenn ¬vart det kasta lodd,og alle stormenn ¬vart lagde i lekkjer.

11 Du òg skal verta drukkenog gå frå sans og samling.Du òg må søkja vern ¬mot fienden.

12 Alle dine festningarer som fikentre ¬med tidlegfrukt.Ved minste risting ¬dett dei nedi munnen på den som vil eta.

13 Sjå, ditt krigsfolk ¬er som kvinner.Portane i landet dittstår vidopne for fienden.Eld har øydt ¬dine portbommar.

14 Aus opp vatn ¬før du vert kringsett,set borgene i stand!Trakka gjørme, stampa leire,ta mursteinsforma fram!

15 Du skal øydast av eld,sverdet skal rydja deg ut,liksom grashoppelarva ¬eta deg opp.Vert mange ¬som grashoppelarver,tallause ¬som ein grashoppesverm!

16 Dine kjøpmenn er fleire ¬enn stjernene på himmelen.Larvene kastar hamen og flyg.

17 Dine oppsynsmenn ¬er tallause som grashopper,du har ein sverm av skrivarar.Dei slår seg ned på murennår dagen har svalna;når sola renn, flyg dei bort,og ingen veit kvar dei er.

18 Dine hovdingar blundar, ¬du Assur-konge,dine stormenn søv.Ditt folk er spreitt på fjella,og ingen samlar det inn.

19 Det finst ikkje lindring ¬for din skade,ulækjande er ditt sår.Alle som får høyra om deg,skal klappa i hendene.For kven har ikkje ¬gong på gongfått smaka din vondskap?

Kapitler

1 2 3