Nahum 1 N78NN

1 Domsord mot Ninive.Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk.

Herren tek hemn over motstandarane sine

2 Ein brennhuga, ¬hemnande Gud er Herren,ja, ein hemnar er Herren ¬og full av harme.Herren hemner seg ¬på sine motstandarar,han held på vreiden ¬mot sine fiendar.

3 Herren er langmodig.Men hans kraft er stor,og han lèt ikkje vera å straffa.Gjennom storm og uver ¬går hans veg,skyer er støvet under hans fot.

4 Han trugar havet ¬og turkar det ut,alle elvar legg han turre.Basan og Karmel visnar bort,Libanons blomeprakt døyr.

5 Fjella skjelv for han,haugane skjek og rivnar.Jorda bivrar for han,verda og alle som bur der.

6 Kven kan stå seg ¬for hans harme,kven held ut ¬hans brennande vreide?Hans harme strøymer fram ¬som eld,og knausane styrtar saman ¬for han.

7 Herren er god, eit vern i naud.Han tek seg av dei ¬som tyr til han.

8 Men med veldig flaumgjer han ende på ¬sine motstandarar;sine fiendar jagar han ut ¬i mørkret.

9 Kva emnar de på mot Herren,han som reint kan gjera ende ¬på dykk?Nauda kjem ikkje ein gong til.

10 Som ihopfletta tornebusker,som eit knippe med kvister,som turr halm ¬skal dei brenna opp.

Judas berging og Ninives undergang

11 Frå deg gjekk det ut ¬ein mannsom emna på vondskap ¬mot Herrenog hadde vondt i tankar.

12 Så seier Herren:Om dei er aldri så sterke ¬og mange,skal dei hoggast ned ¬og verta borte.Og om eg har plaga deg,skal eg ikkje gjera det meir.

13 No vil eg bryta det åk ¬han la på deg,og slita sund dine lekkjer.

14 Men dette er Herrens påbod ¬om deg:Ditt namn skal ikkje ¬leva lenger.Eg vil rydja ut or ditt gudshusbåde utskorne ¬og støypte gudebilete.Eg vil laga ei grav åt deg,for du er funnen for lett.

Kapitler

1 2 3