Mika 7 N78NN

Klage og von

1 Ve meg! Det har gått meg såsom når ein haustar ¬inn fruktog driv med ettersanking ¬av druer:Det finst ikkje ei drue å eta,ikkje ein fiken eg har hug på.

2 Det finst ingen from meir ¬i landet,ingen rettvis mellom folk.Alle ligg dei på lur etter blod,kvar ein vil fanga sin neste ¬i garnet.

3 Dei er glupe til å gjera vondt.Hovdingane kjem med krav,og domarane vil ha betaling.Stormannen set fram ¬sine ynske,og så snur dei saka som dei vil.

4 Den beste av dei ¬er som ein klunger,den ærlegaste ¬verre enn ein klungerhekk.Det kjem ein dag ¬for dine vektararnår du skal krevjast ¬til rekneskap.Då vert dei redde og rådlause.

5 Tru ikkje på frenden din,set ikkje lit til venen din!Vakta munnen ¬for henne du tek i famn!

6 For ein son vanvørder far sin,ei dotter set seg opp ¬mot mor si,ei sonekone mot vermor si.Og ein manns husfolk ¬er hans fiendar.

7 Men eg vil speida etter Herren,venta på Gud som frelser meg.Min Gud vil høyra meg!

Ljos i mørkret

8 Gled deg ikkje over meg, ¬min fiende,for om eg fell, reiser eg meg att.Og sit eg i mørker, ¬er Herren mitt ljos.

9 Herrens vreide må eg berafordi eg har synda mot han,til dess han tek opp mi sakog syter for at eg får rett.Han skal føra meg ut i ljoset,og eg skal sjå hans rettferd.

10 Mine fiendar skal sjå detog raudna av skam,dei som sa til meg:«Kvar er Herren din Gud?»Eg skal fylgja dei med augonår dei vert nedtrakka ¬som avfall i gata.

11 Ein dag skal dei byggja ¬dine murarog gjera dine grenser vide.

12 Den dagen skal dei koma ¬til degfrå Assur og Egyptarland,frå Egypt til Eufrat,frå hav til hav ¬og frå fjell til fjell.

13 Då skal jorda verta ei audnpå grunn av dei som bur der,og det som dei har gjort.

Bøn om Israels atterreising

14 Vakta folket ditt ¬med staven din,den flokken ¬som er din eigedom,som ligg åleine i skogenmed grøderike marker ikring.Lat dei få beita ¬i Basan og Gilead,som dei gjorde i gamle dagar.

15 Lat oss få sjå storverksom då du drog ut or Egypt.

16 Folka skal sjå det ¬og skjemmast,endå så mektige dei er.Dei må leggja handa ¬på munnenog stå med døve øyro.

17 Lat dei slikka støv ¬som ormen,lik dyr som kryp på jorda.Skjelvande skal dei koma ¬frå sine gøymslerfram for Herren vår Gud.Lat dei gripast av redsle ¬og ottast deg!

Kven er ein Gud som du?

18 Kven er ein Gud som du,som tek bort skuld ¬og tilgjev brotfor resten av sitt eige folk?Han held ikkje evig fast ¬på vreiden,for han har hug til miskunn.

19 Herren skal atter ¬miskunna ossog trø våre misgjerningar ¬under fot.Du skal kasta ¬alle våre synderned i havsens djup.

20 Så vis då truskap mot Jakobog miskunn mot Abraham,så som du høgtideleg lovavåre fedrar i gamle dagar.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7