Mika 2 N78NN

Verop over dei mektige

1 Ve dei som tenkjer ut urettog emnar på vondtmedan dei ligg på si lege!Dei set det i verk ¬når det ljosnar av dag,fordi det står i deira makt.

2 Dei trår etter marker ¬og røvar dei,etter hus og tek dei.Dei slår under seg mann ¬og hus,bonden og hans eigedom.

3 Difor seier Herren:Eg tenkjer ut ei ulukke ¬mot denne ætta,den kan de aldri fria dykk frå.De skal ikkje lenger ¬gå stolte ikring,for det vert ei vond tid.

4 Den dagen skal dei syngja ¬ei nidviseog setja i med ein klagesong ¬over dykk.«Det er ute med oss,» ¬skal dei seia,«vi er herja og øydelagde!Jorda åt folket mitt ¬skifter eigar.Å, han har teke markene frå ossog delt dei ut til fråfalne!»

5 Då skal det ikkje finnast nokon ¬i Herrens lydsom kastar loddog deler ut jord til andre.

6 «Hald opp med å preika!» ¬seier dei.«Ingen må preika så.Tek skjellsorda aldri slutt?»

7 Korleis er det du talar, ¬Jakobs hus?Har Herren mist tolmodet?Er det så han fer fram?Har eg ikkje venlege ordtil dei som ferdast rett?

8 Lenge har folket mitt ¬bore seg fiendsleg åt.De dreg kappa ¬av fredelege folk;dei som ferdast trygt, ¬vert krigsfangar.

9 De driv kvinnene ¬i folket mitt bortfrå heimane dei var glade i.De har for alle tiderteke mi ære frå borna deira.

10 Stå opp og far bort herifrå!Dette er ingen kvilestad,for her er ureinskapsom valdar skade og tyning.

11 Kom det ein mann ¬som fór med laust snakkog tala lygn og svik:«Eg spår for deg om vin ¬og drikk»,sjå, det var ein profet ¬for dette folket!

Herren vil samla Israels rest

12 Eg vil samla dykk alle, Jakob.Eg vil samla Israels rest,føra dei saman ¬som sauer i ei kve,som ein bøling på beite,– ein ståkande flokk ¬av menneske.

13 Han som brøyter veg, ¬går føre dei;dei bryt seg gjennom porten ¬og fer ut.Kongen deira går føre dei,Herren sjølv ¬går i brodden for dei.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7