Mika 3 N78NN

Mot dei griske hovdingane

1 Eg sa: Høyr,de Jakobs hovdingar,de styresmenn i Israel!Skulle ikkje de vitakva som er lov og rett?

2 Men de hatar det godeog elskar det vonde.De flår skinnet av folkog riv kjøtet av knokane.

3 Dei et kjøtet av folket mitt,flår skinnet av ¬og knuser beina deira.Dei breier det ut som i ei gryte,som kjøtet i ein kjel.

4 Når dei så ropar til Herren,svarar han ikkje.Han løyner sitt åsyn for deifor deira vonde åtferd skuld.

Mot dei falske profetane

5 Så seier Herren ¬om dei profetanesom fører folket mitt vilt,som forkynner fred og lukkeberre dei får noko å tyggja på,men lyser heilag krig mot deisom ikkje gjev dei ¬munnen full:

6 Difor skal det koma over dykkei natt utan synerog mørker utan spådom.Sola skal gå ned for profetaneog dagen svartna ikring dei.

7 Då skal sjåarane ¬verta til skammar,spåmennene stå der ¬med vanære.Dei skal løyna skjegget, ¬alle saman,for det kjem ikkje svar ¬ifrå Gud.

8 Men eg, eg er full av styrke,av Herrens Ande, ¬av rett og kraft,så eg kan tala til Jakob ¬om hans brot,til Israel om hans synd.

Jerusalem og templet skal falla

9 Høyr dette, ¬de hovdingar i Jakobs ætt,de styresmenn i Israel,de som styggjest ved rettferdog krøkjer det som er rett,

10 som byggjer Sion ¬med bloddådog Jerusalem med urett!

11 Der dømer hovdingen ¬for betaling,presten tek løn for å læra,og profeten spår for pengar.Likevel stør dei seg til Herren ¬og seier:«Er ikkje Herren ¬midt imellom oss?Det hender ikkje oss ¬noko vondt.»

12 Difor skal Sion ¬– for dykkar skuld –pløyast som ein åker.Jerusalem skal verta ¬ei steinrøysog tempelberget ¬ein skogkledd ås.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7