Mika 1 N78NN

1 Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.

Herren openberrar seg til dom

2 Høyr, alle de folkeslag!Lyd etter, du jord ¬og alt som på deg er!Herren Gud skal vitna ¬mot dykk,vitna frå sitt heilage tempel.

3 Sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad,stig ned og skrid fram ¬over høgdene på jorda.

4 Fjella brånar under han,og dalane rivnar,som voks når det brånar i eld,som vatn når det renn ¬utfor stup.

5 Alt dette henderfordi Jakob har falle frå,fordi Israel har synda.Kva er så Jakobs fråfall?Er det ikkje Samaria?Og kva er Judas synd?Er det ikkje Jerusalem?

6 Men eg skal gjera Samaria ¬til ei steinrøysog marka i byen ¬til vingardsjord.Eg velter steinane ned i dalenog legg ¬byens grunnvollar berre.

7 Alle gudebileta der ¬skal knusastog horegåvene brennast i eld,avgudsbileta gjer eg til inkjes.Med horeløn er dei samla,og til horeløn skal dei verta.

Klage over byane i Juda

8 Difor må eg klaga og jamra,gå berrføtt og naken ikring,klaga som sjakalenog jamra som strutsen.

9 For Juda har fått eit slag,og såret er ulækjande.Det har nått til porten ¬åt mitt folk,heilt til Jerusalem.

10 Fortel ikkje dette i Gat!Hald opp med gråt og skrik!Velt dykk i støvet i Bet-Leafra!

11 Far nakne og vanæra bort,de som bur i Sjafir!Folket i Sa’ananvågar seg ikkje ut.Klageropa i Bet-Haeselriv grunnen bort under dykk.

12 Korleis kan folket i Marotventa seg noko godt,når ulukke frå Herrenslår ned ved Jerusalems port?

13 Spenn hestane for vogna,de Lakisj-buar!De vart opphav til Sions synd.Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna.

14 Lat Moresjet-Gat få ¬avskilsgåve!Som ein sviktande bekker husa i Aksib ¬for Israels kongar.

15 Endå ein gong ¬sender eg mot dykk,de Maresja-buar,ein som skal leggja dykk ¬under seg.Han kjem til Adullam, ¬Israels prydnad.

16 Klypp deg snau, rak håret avi sorg over borna dine!Gjer hovudet snautt ¬som eit gribbehovud,for dei er førte bort ifrå deg!

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7