Jona 4 N78NN

Jonas harme og Guds nåde

1 Men det lika Jona ille, og han vart brennande harm.

2 Han bad til Herren: «Å Herre! Var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt heimland? Difor prøvde eg fyrst å røma til Tarsis. For eg visste at du er ein nådig og mild Gud, langmodig og rik på miskunn, og at du kan endra din plan, så du ikkje lèt ulukka koma.

3 Men no, Herre, ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.»

4 Men Herren svara: «Har du grunn til å vera harm?»

5 Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austanfor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta. Han ville sjå korleis det gjekk med byen.

6 Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans, så han kunne verta kvitt mismodet sitt. Jona hadde stor glede av ricinus-busken.

7 Men morgonen etter, då det ljosna av dag, sende Gud ein orm, og han stakk ricinus-busken så han visna.

8 Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind, og sola stakk Jona i hovudet så han vart heilt utmødd. Han ynskte at han måtte få døy, og sa: «Eg vil heller døy enn leva.»

9 Men Gud sa til Jona: «Har du grunn til å vera harm over ricinus-busken?» Han svara: «Ja, eg har så god grunn til å vera harm at eg kunne døy.»

10 Då sa Herren: «Du ynkast over ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt.

11 Skulle så ikkje eg ynkast over Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje kan skilja mellom høgre og venstre, og ei mengd med dyr?»

Kapitler

1 2 3 4