Jona 1 N78NN

Jona rømer for Herren

1 Herrens ord kom til Jona, son til Amittai, og det lydde så:

2 «Stå opp, gå til Ninive, den store byen, og rop ut over han at eg har sett vondskapen der!»

3 Men Jona stod opp og ville røma for Herren til Tarsis. Han fór ned til Jaffa og fann eit skip som skulle dit. Så betalte han for ferda og gjekk om bord. Han ville vera med til Tarsis, bort frå Herren.

4 Men Herren sende ein sterk storm over havet. Det bles så hardt at skipet heldt på å verta knust.

5 Då vart sjømennene redde og ropa kvar til sin gud, og lasta som var om bord, kasta dei på sjøen, så skipet skulle letna. Jona hadde gått ned i skipet og låg og sov fast.

6 Då gjekk skipsføraren til han og sa: «Korleis kan du liggja og sova så godt? Stå opp og rop til guden din! Kanskje guden din vil koma oss i hug, så vi ikkje går under.»

7 Og sjømennene sa til kvarandre: «Kom, lat oss kasta lodd, så vi får vita kven som er skuld i at denne ulukka har kome over oss!» Så kasta dei lodd, og loddet fall på Jona.

8 Då sa dei til han: «Sei oss kven som er skuld i at denne ulukka har kome over oss! Kva ærend er du ute i, og kvar kjem du frå? Kva land er du frå, og kva folk høyrer du til?»

9 Han svara: «Eg er hebrear, og eg dyrkar Herren, Gud i himmelen, han som har skapt havet og fastlandet.»

10 Då vart sjømennene fælande redde og sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rømt bort frå Herren; det hadde han fortalt dei.

11 «Kva skal vi gjera med deg,» sa dei, «så havet kan leggja seg?» For havet vart meir og meir opprørt.

12 Han svara: «Ta og kast meg i havet, så skal det stilna! For eg veit at det er for mi skuld den sterke stormen er komen over dykk.»

13 Sjømennene prøvde å ro til lands att, men dei greidde det ikkje. For sjøen bar meir og meir imot.

14 Då ropa dei til Herren: «Å Herre, lat oss ikkje gå under fordi denne mannen skal døy, og lat ikkje skuldlaust blod koma over oss! For du, Herre, har gjort som du vil.»

15 Så tok dei Jona og kasta han på sjøen. Då heldt havet opp å rasa,

16 og mennene fekk stor age for Herren. Dei ofra slaktoffer til Herren og gav lovnader.

Kapitler

1 2 3 4