Obadja 1 N78NN

Domen over Edom

1 Dette er synene åt Obadja. Så seier Herren Gud om Edom:Ei tidend har vi høyrt ¬frå Herren,eit bod er sendt ut ¬mellom folka:«Stå opp, lat oss reisa oss ¬til strid mot Edom!»

2 Sjå, liten gjer eg deg ¬mellom folka,djupt vanvørd skal du vera.

3 Ditt hjartans hovmod ¬har narra deg,du som bur i bergrivnerog har ditt tilhald i høgdene,du som tenkjer med deg sjølv:Kven kan støyta meg til jorda?

4 Om du byggjer høgt som ørna,ja, legg ditt reir ¬mellom stjernene,så vil eg støyta deg ned derifrå,lyder ordet frå Herren.

5 Om det kom tjuvar til degeller røvarar om natta– å, kor du vert herja –ville dei då stela meir ¬enn dei trong?Om du hadde folk ¬til å hausta din vingard,så leivde dei vel ¬til ei ettersanking.

6 Å, kor dei har ransaka Esau,leita opp hans løynde skattar!

7 Dei du var i pakt med,driv deg heilt til grensa.Folk du hadde fred med, ¬har svikta deg;dei har fått overtaket på deg.Dei som åt av ditt brød,har sett snarer for deg og seier:«Det finst ikkje vit i han.»

8 Den dagen vil eg sannelegrydja ut dei vise or Edomog dei kloke frå Esaus fjell,lyder ordet frå Herren.

9 Dine krigarar, Teman, ¬skal lamast av redsle,kvar einaste mann skal drepastog rydjast bort frå Esaus fjell.

10 For ditt valdsverk mot Jakob, ¬bror din,skal du sveipast i skam.Du skal rydjast ut for alltid.

11 Den dagen du heldt deg borte,den dagen framande ¬røva hans gods,då utlendingar gjekk inn ¬i hans portog kasta lodd om Jerusalem,då var du òg som ein av dei.

12 Du skulle ikkje ha sett ¬med glede på bror dindå ulukka råka han,ikkje gledt deg over judearaneden dagen dei gjekk til grunne,og ikkje bruka så store ordden tid dei var i naud.

13 Du skulle ikkje ha trengt inni porten åt mitt folk ¬på ulukkedagen.Du skulle slett ikkje ¬ha gledt degover det dei leid den dagen,og ikkje rett handa utetter rikdomen deiraden usæle dagen.

14 Du skulle ikkje ha stått ¬ved vegskilaog hogge ned dei som prøvde ¬å koma unna,og ikkje gjeve i fiendehanddei som slapp frå detden dagen folket var i naud.

15 For Herrens dag er nærover alle folkeslag;som du har gjort,skal det gjerast med deg.Di åtferd kjem att ¬på ditt eige hovud.

Israels atterreising

16 Som de drakk ¬på mitt heilage fjell,skal kvart folkeslag ¬alltid drikka.Dei skal drikka i fulle dragog verta som om ¬dei aldri hadde vore til.

17 Men på Sion-fjellet ¬skal dei halda til,dei som har sloppe unna,og det skal vera ein heilagdom.Jakobs ætt skal ta att ¬sin eigedom.

18 Jakobs ætt skal verta ein eldog Josefs ætt ein loge.Men Esaus ætt ¬skal verta til halm,som vert sett i brann og øydd.Av Esaus ætt vert ingen att.Herren har tala.

19 Dei som bur i Negev, skal ta Esaus fjell til eige; og dei som bur i Sjefela, skal ta Filistarlandet. Dei skal leggja under seg Efraims-bygdene og Samaria-bygdene, og Benjamin skal ta Gilead.

20 Dei bortførte av Israels-hæren skal ta landet åt kanaanearane i eige heilt til Sarepta, og dei landlyste frå Jerusalem, som er i Sefarad, skal ta byane i Negev.

21 Dei som er berga, skal stiga opp på Sion-fjellet og halda dom over Esaus fjell-land. Og riket skal høyra Herren til.

Kapitler

1