Amos 9 N78NN

Ingen skal sleppa Guds straff

1 Eg såg Herren stå ¬attmed altaret.Han sa: Slå til søylehovuda,så dørstokkane skjelv,og knus dei,så dei fell i hovudet på dei alle!Resten vil eg drepa med sverd.Ingen av dei skal kunna røma,ingen av dei skal sleppa unna.

2 Om dei bryt seg inn ¬i dødsriket,skal mi hand henta dei der,og fer dei opp til himmelen,skal eg støyta dei ned derifrå.

3 Om dei gøymer seg ¬på Karmels topp,skal eg leita dei opp ¬og henta dei ned,og løyner dei seg for meg ¬på havsens botn,skal eg by ormen bita dei.

4 Om fiendar fører dei ¬i fangenskap,skal eg by sverdet ¬drepa dei der.Eg vil retta augo mot deitil ulukke og ikkje til lukke.

5 Herren, Allhærs Gud,rører jorda så ho skjelv,og alle som bur der, syrgjer,ja, heile jorda stig som Nilenog sig som elva i Egypt.

6 Han som har bygt ¬sin høgsal i himmelenog reist sin kvelv over jorda,han som kallar på vatnet ¬i havetog auser det ut over jorda– Herren er hans namn.

Herren er Gud for alle folk

7 Er de, israelittar,meir for meg ¬enn Nubias søner?lyder ordet frå Herren.Eg førte Israel opp frå Egypt,men også filistarane frå Kaftorog aramearane frå Kir.

Straff og reinsing

8 Sjå, Herren Gud ¬har augo vendemot det syndige riket:No vil eg rydja folket ¬ut or landet.Men eg vil ikkje heiltgjera ende på Jakobs ætt, ¬seier Herren.

9 For sjå, eg gjev påbod,og så rister eg Israels ættmellom alle folkeslaga,som når ein rister ¬korn i såld,og ikkje ein stein fell ¬til jorda.

10 For sverdet skal dei døy,alle syndarane i mitt folk,dei som seier: ¬«Ulukka når oss ikkje,ho kjem aldri over oss.»

Atterreising og sæle tider

11 Den dagen ¬reiser eg opp attDavids falne hytte.Eg murar att rivneneog reiser det som ligg ¬i røys;eg byggjer henne ¬som i gamle dagar.

12 Så kan dei ta resten ¬av Edom i eigeog alle dei andre folkeslagasom er nemnde ¬med mitt namn,lyder ordet frå Herren,som fullfører dette.

13 Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren,då dei tek til å pløya ¬før skurden er slutt,og trakkar druer ¬til kornet skal såast.Druesafta skal drypa ¬frå fjellog fløyma i alle bakkar.

14 Då vender eg lagnaden ¬for Israel, mitt folk.Nedrivne byar ¬skal dei byggja og bu i;vingardar skal dei planta ¬og sjølve drikka vinen,hagar skal dei stella til ¬og sjølve eta frukta.

15 Eg plantar dei atter ¬i eiga jord;aldri meir skal dei ¬rykkjast opp or sitt land,som eg har gjeve dei,seier Herren din Gud.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9