Amos 8 N78NN

Enden er komen for Israel

1 Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå:ei korg med mogen frukt.

2 Han sa: «Kva ser du, Amos?»Eg svara: ¬«Ei korg med mogen frukt.»Då sa Herren til meg:«Enden er komen for Israel, ¬mitt folk,eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.

3 Kvinnene som syng i slottet,skal jamra den dagen,lyder ordet frå Herren Gud.Alle stader ligg det lik i mengd.Dei er slengde til sides. Hysj!»

Herrens dom over uærleg handel

4 Høyr, de som trakkar ¬fattigfolk nedog gjer ende på dei hjelpelause ¬i landet!

5 De seier: ¬«Når er nymånedagen slutt,så vi kan selja korn,og sabbaten til ende,så vi kan opna vår kornbu?»Då gjev de ringt målog tek for stor betalingog fuskar med falske vekter.

6 De kjøper småkårsfolk ¬for pengar,ein fattig stakkar ¬for eit par skorog seier: ¬«No sel vi avfallskorn!»

7 Herren har svore ¬ved Jakobs ære:Aldri skal eg gløymaalt det dei har gjort!

8 Må ikkje jorda skjelva for slikt,så alle som bur der, syrgjer?Ja, må ho ikkje stiga som Nilen,stiga og siga som elva i Egypt?

Ulukkedagen

9 Den dagen skal det henda,lyder ordet frå Herren Gud:Eg lèt sola glada middagstider,gjer jorda mørk ¬ved høgljos dag.

10 Eg gjer dykkar festar ¬til syrgjehøgtidog alle dykkar viser ¬til klagesong.Eg legg syrgjeklede ¬om alle lenderog lèt kvart hovud ¬rakast snautt.Eg valdar slik sorgsom når ein syrgjer ¬over einaste sonen,og enden vert ¬som ein ulukkedag.

Hunger etter Herrens ord

11 Sjå, dagar skal koma,lyder ordet frå Herren Gud,då eg sender hunger i landet,ikkje hunger etter brød ¬eller torste etter vatn,men etter å høyra Herrens ord.

12 Dei skal flakka om ¬frå hav til hav,sviva ikring frå nord til austog leita etter Herrens ord,men dei skal ikkje finna det.

13 Fagre jenter og sterke gutarskal siga om av torste ¬den dagen.

14 Dei som sver ¬ved Samarias syndog seier: ¬«Så sant din gud lever, Dan!»og: «Så sant din gud lever, ¬Be’er-Sjeba!»,dei skal falla ¬og aldri reisa seg meir.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9