Amos 2 N78NN

1 Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Moab har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei brende Edom-kongens ¬bein til kalk.

2 Men eg sender eld mot Moab,han skal øyda borgene ¬i Kerijot.Moabittane skal døy ¬i stridsgny,medan hærrop lyder ¬og horn gjallar.

3 Eg rydjar ut han ¬som styrer i landet,og drep alle hovdingar ¬saman med han,seier Herren.

Domen over Juda og Israel

4 Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Juda har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei vanvørde Herrens lovog heldt ikkje ¬hans føreskrifter,men lét seg føra vilt ¬av lygngudane,som fedrane deira hadde fylgt.

5 Men eg sender eld mot Juda,han skal øyda borgene ¬i Jerusalem.

6 Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Israel har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei sel rettferdige ¬for pengarog fattigfolk for eit par skor.

7 Dei trakkar småkårsfolks hovud ¬i støvetog trengjer dei hjelpelause ¬bort frå vegen.Ein mann og far hans ¬går til same jentaog vanhelgar såleis ¬mitt heilage namn.

8 Dei strekkjer seg ¬på pantsette kledeattmed kvart altar,og vin som dei har teke i bøter,drikk dei i huset åt sin Gud.

9 Og det var då egsom rudde ut amorittane ¬for dei,dei som var høge som sedrarog sterke som eiker.Eg øydela frukta ovantilog røtene nedantil.

10 Det var eg ¬som førte dykk opp frå Egyptog leidde dykk i øydemarka ¬i førti år,så de kunne ta amorittlandet ¬i eige.

11 Eg gjorde nokre av sønene ¬dykkar til profetarog nokre av unggutane dykkar ¬til nasirearar.Er det ikkje så, de israelittar?lyder ordet frå Herren.

12 Men de gav nasirearane ¬vin å drikkaog forbaud profetane ¬å forkynna.

13 Sjå, no lèt eg grunnen ¬skaka under dykksom under ei vogn full av korn.

14 Den lettføtte finn ikkje livd,den sterke får ikkje ¬bruka si kraft,og krigaren bergar ikkje sitt liv.

15 Bogeskyttaren held ¬ikkje stand,den som er lett på foten, ¬kjem ikkje unna,og ryttaren bergar ikkje livet.

16 Den djervaste av krigaraneskal røma naken den dagen,lyder ordet frå Herren.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9