Amos 4 N78NN

Dei rike kvinnene i Samaria skal straffast

1 Høyr dette ordet, ¬de Basan-kyrsom bur på Samaria-fjellet!De trælkar småkårsfolkog knuser dei fattige.De seier til mennene dykkar:«Kom med vin, ¬så vi får drikka!»

2 Herren Gud har svore ¬ved sin heilagdom:Sjå, dagar kjem over dykkdå de skal slepast bort ¬med hakarog dei siste av dykk ¬med fiskekrokar.

3 Ut gjennom murrivner ¬skal de fara,den eine etter den andre.De skal drivast bort ¬til Hermon,lyder ordet frå Herren.

Så vil de ha det

4 Kom til Betel og synda,til Gilgal og synda til gagns!Ber fram slaktoffer ¬om morgonenog tiender den tredje dagen!

5 Lat røyken av syrt brødstiga opp som takkoffer,lys ut friviljug offer, ¬gjer det kjent!For så vil de ha det, ¬de Israels søner,lyder ordet frå Herren Gud.

Bu deg til å møta din Gud!

6 Eg lét dykk gå med tom munni alle byane dykkarog lét dykk vera utan brødalle stader der de budde.Men de vende ikkje om til meg,lyder ordet frå Herren.

7 Eg heldt regnet att for dykkdå det endå var tre månader ¬til hausten.Eg lét det regna over éin by,men ikkje over ein annan.Eitt jordstykke fekk regn,eit anna fekk ikkje og turka ut.

8 Frå to, tre byar raga dei av stadtil same by, ville drikka vatn,og fekk ikkje sløkkja torsten.Men de vende ikkje om til meg,lyder ordet frå Herren.

9 Eg slo dykk med kornbrann ¬og rust,eg turka ut hagane ¬og vingardane dykkar,og grashopper åt opp fikentre ¬og oliventre.Men de vende ikkje om til meg,lyder ordet frå Herren.

10 Eg sende pest mellom dykk ¬som i Egypt.Eg drap dykkar unggutar ¬med sverd,og hestane gav eg til hærfang.Eg lét teven frå krigsleirenstiga opp i nasen på dykk.Men de vende ikkje om til meg,lyder ordet frå Herren.

11 Eg sende øyding over dykk,som då Gud la Sodoma ¬og Gomorra i grus;de var som ein brand, ¬riven ut or elden.Men de vende ikkje om til meg,lyder ordet frå Herren.

12 Difor vil eg gjera så med deg, ¬Israel!Og fordi eg vil gjera det,så bu deg, Israel, ¬til å møta din Gud!

13 Sjå, han som lagar fjella ¬og skaper vinden,som gjer mennesket kjent ¬med sine tankar,han som gjer morgonroden ¬til mørkerog fer fram ¬over høgdene på jorda– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9