Amos 1 N78NN

1 Dette er dei orda som Amos, ein av gjætarane frå Tekoa, fekk i syner om Israel. Det var på den tid då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.

Domen over grannefolka

2 Han sa:Herren skal torna frå Sion,la røysta si ljoma frå Jerusalem.Då skal beitemarkene ¬åt gjætarane sturaog alt turka bort ¬på Karmels topp.

3 Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Damaskus har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei har treskt Gileadmed jernslegne sledar.

4 Men eg sender eld ¬mot Hasaels hus,han skal øyda ¬Benhadads borger.

5 Eg bryt sund ¬portbommen i Damaskus,rydjar ut dei ¬som bur i Aven-dalen,og han som ber kongsstav ¬i Bet-Eden.Og folket i Aram ¬skal førast til Kir,seier Herren.

6 Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Gasa har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei førte bort alledei hadde teke til fange,og gav dei i Edoms vald.

7 Men eg sender eld ¬mot muren kring Gasa,han skal øyda borgene i byen.

8 Eg rydjar ut dei ¬som bur i Asjdod,og han som ber kongsstav ¬i Asjkalon.Eg vender mi hand mot Ekron,og resten av filistarane ¬skal gå til grunne,seier Herren Gud.

9 Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Tyrus har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For alle dei hadde teke ¬til fange,gav dei i Edoms vald;dei kom ikkje brorskapspakta ¬i hug.

10 Men eg sender eld ¬mot muren kring Tyrus,han skal øyda borgene i byen.

11 Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Edom har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei forfylgde sine brør ¬med sverdog viste ikkje medkjensle.Dei heldt alltid fast ¬på sin vreideog gav aldri opp sin harme.

12 Men eg sender eld mot Teman,han skal øyda borgene i Bosra.

13 Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬ammonittane har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei skar opp ¬svangre kvinner i Gileaddå dei ville gjera ¬sine grenser vide.

14 Men eg kveikjer eld ¬mot muren kring Rabba,han skal øyda borgene i byen,medan hærrop lyder ¬på stridens dag,og stormen rasar ¬på uversdagen.

15 Då skal kongen deira ¬førast bort som fangesaman med hovdingane sine, ¬seier Herren.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9