6 Han skrid fram, ¬og jorda rister,folkeslag skjelv ¬når han ser opp.Dei gamle fjella rivnar,eldgamle åsar sig i hop.Han går fram som i gamal tid.
7 Eg ser uhyggja kvila ¬over Kusjans telt,og teltdukane i Midjan skjelv.
8 Er du harm på elvane, Herre,logar din vreide mot dei,harmast du på havet,når du fer fram på dine hestar,på dine sigersvogner?
9 Du tek fram din bogeog mettar han med piler ¬frå ditt pilehus. SelaDu kløyver jorda så elvar renn.
10 Fjella ser deg og skjelv,regnet fossar ned,havdjupet buldrar og brusar.Dei lyfter si hand ¬mot det høge.
11 Sol og måne er i sin bustad;dei rømer ¬for dine blinkande piler,for ditt lynande spyd.
12 I harme skrid du fram ¬over jorda,i vreide trakkar du folka ned.