Joel 1 N78NN

Grashoppene

1 Dette er Herrens ord som kom til Joel, son til Petuel.

2 Høyr dette, de eldste,lyd etter, alle som bur i landet:Har slikt hendt før i dykkar tid,eller då dykkar fedrar levde?

3 Fortel om det til borna dykkar,og dei skal fortelja det ¬til sine born,som skal fortelja det ¬til den ætt som kjem.

4 Det åma leivde, ¬åt grashoppa opp,det grashoppa leivde, ¬åt larva opp,det larva leivde, ¬åt gnagaren opp.

5 Vakna, de drukne, og gråt!Klag, alle de som drikk vin,over druesaft ¬de ikkje fekk smaka!

6 For eit folk har drege opp ¬mot mitt land,sterkt og utan tal.Tenner har dei som ei løve,og kjeve som ei løvinne.

7 Dei la mine vintre audeog braut ned fikentrea,flekte borken, reiv lauvet av,så greinene vart kvite.

8 Klag som ei syrgjekledd møyklagar over ¬sin ungdoms brudgom!

9 Grødeoffer og drikkofferkjem bort frå Herrens hus.Prestane, Herrens tenarar, ¬syrgjer.

10 Markene er herja, jorda sturer.For kornet er øydelagt, ¬vinen innturka,og oljen er borte.

11 Bøndene er vonbrotne,og vindyrkarane klagarover kveiten og bygget;for det finst ikkje grøde ¬på marka.

12 Vintreet turka, ¬fikentreet visna.Granatepletre, palme og apal,kvart tre på marka ¬har turka bort;all glede er kvorven ¬mellom menneska.

13 Kled dykk i syrgjebunadog hald klage, de prestar,skrik, de som gjer teneste ¬ved altaret!Gå inn og vak i syrgjeklede,de som tener min Gud.For grødeoffer og drikkofferkjem ikkje til dykkar Guds hus.

14 Lys ut ei faste,og kunngjer høgtidssamling!Kall saman dei eldste,ja, alle som bur i landet,til Herren dykkar Guds hus,og rop så til Herren:

15 Ve oss, for ein dag!Ja, nær er Herrens dag!Han kjem med øyding ¬frå Den Allmektige.

16 Vart ikkje maten borte ¬for augo våre,glede og jubel ¬frå vår Guds hus?

17 Såkornet ligg innturka i jorda.Bingane er øydelagde, ¬låvane rivne,for kornet er borte.

18 Kor buskapen rautar!Bølingen flakkar ikring,for dei har ikkje beite.Jamvel saueflokkane må lida.

19 Herre, eg ropar til deg.For heten har gjort endepå beita i øydemarka.Solbrann har svidt av ¬kvart tre på marka.

20 Jamvel villdyra styn ¬opp mot deg,for bekkefara er turre,og heten har gjort endepå beita i øydemarka.

Kapitler

1 2 3