1 Domsord. Dette er Herrens ord til Israel ved Malaki.
2 «Eg har dykk kjær,» ¬seier Herren.Men de spør:«Korleis har du syntat du har oss kjær?»«Var ikkje Esau ¬bror til Jakob?»lyder ordet frå Herren.«Likevel hadde eg Jakob kjær,
3 men Esau hadde eg uvilje mot.Eg gjorde fjella hans til ei audn,arvelandet hans til ei villmark ¬for sjakalar.»
4 Når edomittane seier:«Vi er knuste,men vil byggja opp att ¬det som seig i røys,»då seier Herren, Allhærs Gud:«Lat dei byggja, ¬men eg riv ned.Dei skal kallast ¬det gudlause landetog folket som Herren ¬for alltid er harm på.»
5 De skal sjå det med eigne augo ¬og seia:«Herrens velde ¬når ut over Israels grenser.»
6 Ein son ærar far sin,og ein træl har age ¬for herren sin.Men er eg far, ¬kvar er då mi ære,og er eg herre, ¬kvar er då agen for meg?seier Herren, Allhærs Gud, ¬til dykk,de prestar ¬som vanvørder mitt namn.De spør: «Korleis vanvørder vi ¬ditt namn?»