Malaki 2 N78NN

Herrens dom over prestane

1 Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk:

2 Vil de ikkje høyraog ikkje leggja dykk dette ¬på hjarta,så de ærar mitt namn,seier Herren, Allhærs Gud,så sender eg forbanning ¬mot dykk.Eg gjer di velsigning om ¬til forbanning,ja, eg gjer henne til forbanningfordi de ikkje tek dette ¬til hjarta.

3 Sjå, eg vil truga ætta dykkar.Avfall av offerdyr ¬etter høgtidene dykkarkastar eg i andletet på dykk,og med det skal de berast bort.

4 Då skal de skjøna at det er egsom har sendt dykk dette bodet,så mi pakt med Levi ¬kan stå ved lag,seier Herren, Allhærs Gud.

5 Mi pakt med han ¬gav liv og fred,og det gav eg han ¬så han skulle ottast.Han ottast meg ¬og hadde age for mitt namn.

6 Påliteleg rettleiing ¬var i hans munn,og det fanst ikkje svik ¬på hans lipper.Han ferdast med meg ¬i fred og rettferdog berga mange ¬frå syndeskuld.

7 For ein prests lipper ¬tek vare på kunnskap,frå hans munn ¬skal folk be om rettleiing,for han er sendebod ¬frå Herren, Allhærs Gud.

8 Men de har vike av frå vegenog fått mange til å fallamed den rettleiing ¬de har gjeve.Levi-pakta har de brote,seier Herren, Allhærs Gud.

9 Difor har eg gjort dykk ¬vanvørdeog små for heile folket,for de aktar ikkje ¬på mine vegar,men gjer skil på folknår de gjev rettleiing ¬om min vilje.

Herren vil ikkje vita av skilsmål

10 Har vi ikkje alle same far,den eine Gud ¬som har skapt oss?Kvifor er vi då trulause ¬mot kvarandreog vanhelgar våre fedrars pakt?

11 Juda har bore seg trulaust åt,stygge ting har dei gjorti Israel og Jerusalem.Ja, Juda har vanhelgaden heilagdomen ¬Herren elskar,og gift seg med ei kvinnesom dyrkar framande gudar.

12 Gjev Herren må rydja ut ¬or Jakobs teltkvar ætling av den ¬som gjer slikt,jamvel om han ber fram ¬offergåvertil Herren, Allhærs Gud.

13 Og dette er det andre de gjer:De dekkjer Herrens altarmed tårer, gråt og sukkar.Men han vil ikkje lenger sjå ¬på gåvaeller ta imot dykkar offer ¬med glede.

14 Og de spør: «Kvifor?»Fordi Herren er vitne i sakamellom deg ¬og din ungdoms kone.Du har vore utru mot henne,endå ho er ektemaken dinsom du er bunden til med pakt.

15 Er det ikkje éin ¬som har skapt hennebåde med lekam og ånd?Og kva vil så den eine ha?Born som høyrer Gud til.Så akta dykk vel i sjel og hug!Ver ikkje utru ¬mot din ungdoms kone!

16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,seier Herren, Israels Gud,og at nokon sveiper ¬sin klednad med valdsferd,seier Herren, Allhærs Gud.Så akta dykk vel i sjel og hugat de ikkje er trulause.

Når Herren kjem

17 De har trøytta Herren ¬med orda dykkar.De spør: «Kva er det ¬vi har trøytta han med?»De seier at alle som gjer vondt,er gode i Herrens augo,ja, at han har hugnad i dei.Eller de spør:«Kvar er Gud som dømer?» # |NoBook| 3

Kapitler

1 2 3 4