20 Då sa No’omi til sonekona si: «Velsigna vere han av Herren, som ikkje har teke si miskunn bort, korkje frå dei levande eller dei døde!» Og ho la til: «Den mannen er i slekt med oss; han er ein av løysingsmennene våre.»
21 Og Rut, moabittkvinna, heldt fram: «Han sa òg at eg skulle halda lag med folka hans til dei var ferdige med heile skurden.»
22 Då sa No’omi til Rut, sonekona si: «Det er godt, dotter mi, at du fylgjest med jentene hans. På ein annan åker kunne dei snart ha gjort deg eitkvart vondt.»
23 Så heldt ho lag med jentene åt Boas og sanka aks til både byggskurden og kveiteskurden var ende. Men ho budde hjå vermor si.