Rut 1 N78NN

Rut og No’omi

1 I dei dagar då domarane styrte, vart det ein gong uår og svolt i landet. Då fór ein mann i veg frå Betlehem i Juda med kona si og dei to sønene sine. Han ville bu i Moab ei tid.

2 Mannen heitte Elimelek, kona No’omi og dei to sønene Maklon og Kiljon. Dei var av Efrata-ætta, frå Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og slo seg til der.

3 Ei tid etter døydde Elimelek, mannen til No’omi, og ho sat att med dei to sønene sine.

4 Dei gifte seg med moabittkvinner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Og dei budde der om lag ti år.

5 Så døydde dei òg, både Maklon og Kiljon, og No’omi sat att åleine etter at sønene og mannen var borte.

6 Då tok ho ut frå Moab med sonekonene sine og fór heim att. For medan ho var i Moab, hadde ho høyrt at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød.

7 Ho gav seg i veg frå den staden der ho hadde butt, og dei to sonekonene fylgde henne.Då dei var komne eit stykke på vegen heim til Juda,

8 sa No’omi til sonekonene sine: «Snu no og far heim att, kvar til si mor! Gjev Herren må vera trufast mot dykk, som de har vore mot dei døde og mot meg!

9 Gjev Herren må la dykk begge få mann og heim!» Så kyste ho dei. Då tok dei til å gråta

10 og sa til henne: «Nei, vi vil fylgja deg attende til folket ditt.»

11 Men No’omi sa: «Far heim att, døtrene mine! Kvifor vil de vera med meg? Har eg kanskje enno søner i vente som de kunne få til menn?

12 Snu og far heim att, døtrene mine! Eg er for gamal til å gifta meg att. Og om eg tenkte: Eg har enno von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner,

13 skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Eg har inderleg vondt av dykk, no når Herrens hand har råma meg så hardt.»

14 Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste vermor si til avskil. Men Rut ville ikkje skiljast frå henne.

15 Då sa No’omi: «Du ser versyster di har fare heim att til folket sitt og guden sin. Snu du òg, og fylg henne!»

16 Men Rut svara: «Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. For dit du går, vil eg gå, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud.

17 Der du døyr, vil eg døy, og der vil eg verta gravlagd. Herren la det gå meg ille både no og sidan om noko anna enn døden får skilja meg frå deg!»

18 Då No’omi såg at ho stod fast på sitt og ville vera med henne, tala ho ikkje meir til henne om det.

19 Så heldt dei fram på ferda til dess dei kom til Betlehem. Då dei nådde fram dit, kom heile byen i rørsle for deira skuld, og kvinnene sa: «Er dette No’omi?»

20 Men ho sa til dei: «Kall meg ikkje No’omi! Kall meg heller Mara! For Den Allmektige har gjort livet tungt og beiskt for meg.

21 Eg var rik då eg fór bort, men Herren har late meg koma fattig att. Kvifor kallar de meg No’omi, når Herren har vitna mot meg, når Den Allmektige har late det gå meg så ille?»

22 Så kom då No’omi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende tilbake frå Moab. Dei kom til Betlehem då byggskurden tok til.

Kapitler

1 2 3 4