1 I Mispa hadde israelittane svore at ingen av dei skulle gje dotter si til ein mann av Benjamin.
2 Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds åsyn heilt til kvelds. Dei gret høgt
3 og sa: «Herre, Israels Gud, kvifor skulle dette henda i Israel, så vi i dag må sakna ei heil ætt av israelittar?»
4 Tidleg neste morgon bygde folket eit altar der og bar fram brennoffer og måltidsoffer.
5 Så sa israelittane: «Kven var det av alle Israels-ættene som ikkje kom opp til Herren saman med lyden?» For dei hadde svore ein dyr eid at den som ikkje kom opp til Herren i Mispa, skulle lata livet.
6 Israelittane syrgde over frendane sine i Benjamin og sa: «I dag er ei ætt hoggen bort av Israel.
7 Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner? Vi har då svore ved Herren at vi ikkje vil gje dei av døtrene våre.»
8 Så spurde dei: «Fanst det ei ætt i Israel som ikkje kom opp til Herren i Mispa?» Då synte det seg at frå Jabesj i Gilead var ingen komen til møtet i leiren.
9 Folket vart mønstra, men det fanst ikkje nokon av mennene frå Jabesj i Gilead der.
10 Israels-lyden sende då tolv tusen stridsmenn dit og sa til dei: «Far av stad og hogg ned Jabesj-buane i Gilead, kvinner og born òg.
11 Høyr no kva de skal gjera: Alle menn og alle kvinner som har lege med menn, skal de bannstøyta.»
12 Då fann dei mellom Jabesj-buane i Gilead fire hundre ungmøyar som ikkje hadde tilhøyrt eller lege med menn. Og dei tok dei med seg til leiren i Sjilo i Kanaan.
13 Så sende heile lyden bod til dei Benjamins-mennene som var på Rimmon-berget, og lova dei fred.
14 Då kom Benjamins-mennene att med ein gong, og israelittane lét dei få dei kvinnene som dei hadde spart av Jabesj-folket i Gilead. Men det vart ikkje nok til dei.
15 Folket syrgde endå over Benjamin; for Herren hadde hogge eit skar i Israels-folket.
16 Då sa dei eldste i lyden: «Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner når kvinnene i Benjamins-ætta er utrudde?»
17 Og dei sa: «Korleis skal dei som er att av Benjamin, kunna halda fram så ikkje ei heil ætt av Israel går til grunne?
18 Men vi kan ikkje gje dei av døtrene våre.» For israelittane hadde svore og sagt: «Forbanna vere den som gjev dotter si til ein mann i Benjamin!»
19 «Men høyr no,» sa dei. «År om anna held dei ei høgtid for Herren i Sjilo.» Sjilo ligg nord for Betel, aust for den storvegen som går frå Betel til Sikem, og sør for Lebona.
20 «Far dit,» sa dei til Benjamins-mennene, «og legg dykk på lur i vingardane!
21 Når de då ser at ungmøyane i Sjilo kjem ut og trør dansen, skal de springa fram or vingardane og rana dykk kvar si brur mellom Sjilo-møyane, og så fara heim att til Benjamins-landet.
22 Og når fedrane deira eller brørne deira kjem og klagar på dykk, skal de seia til dei: Kjære, unn oss desse møyane! For det er ikkje i strid vi har teke kvar si kone. Og de har ikkje gjeve oss dei; elles hadde det no kvilt skuld på dykk.»
23 Benjamins-mennene gjorde så. Dei henta seg kvar si brur som dei rana mellom møyane på dansarvollen. Så fór dei heim att til odelslandet sitt. Dei bygde opp att byane og vart buande der.
24 På same tid drog israelittane òg bort derifrå, kvar til si bygd og si ætt; kvar fór heim til sin odel.
25 I dei dagar var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.