Dommarane 5 N78NN

Debora-kvadet

1 Den dagen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvadet:

2 Israels hovdingar ¬budde seg til strid,og folket møtte viljug fram.Lova Herren!

3 Høyr, de kongar! ¬Lyd etter, de hovdingar!Eg vil syngja for Herren,syngja og spela for Israels Gud.

4 Herre, då du gjekk ut frå Se’ir,då du skreid fram ¬frå Edoms-marka,då riste jorda, ¬og himmelen draup,vatnet strøymde frå skyene.

5 Fjella skalv for Herren,ja, Sinai skalv for Herren, ¬Israels Gud.

6 I Sjamgars, Anat-sonens, dagar,i Jaels tid, låg vegane aude.Ferdafolk laut fara ¬utanfor allfarveg.

7 Det fanst ingen førar i Israelfør eg, Debora, stod fram,før eg stod fram, ei mor i Israel.

8 Dei valde seg nye gudar.Då stod det strid i portane.Men kvar såg ein skjold og spydhjå dei førti tusen i Israel?

9 Mitt hjarta bankar ¬for Israels hovdingar,for folket som viljug møtte fram.Lova Herren!

10 Tenk etter, ¬de som rid på blakke esel,de som sit på dyre teppe,og de som vandrar etter vegen.

11 Høyr kor dei jublar,dei som deler hærfang ¬attmed brunnane.Der prisar dei ¬Herrens rettferdsverk,hans frelsesverk ¬mot folket i Israel.Då steig Herrens folk ¬ned til portane.

12 Vakna, Debora, vakna!Vakna, røysta i og kved!Reis deg, Barak!Før fangane bort, ¬du Abinoamsson!

13 Då drog dei ned til hovdingane,dei som var att;Herrens folk ¬drog ned til meg som heltar.

14 Frå Efraim steig dei ned i dalen,så kom Benjamin ¬mellom dine ætter.Frå Makir steig hovdingar ned;frå Sebulon kom menn ¬med førarstav.

15 Hovdingar frå Jissakar ¬fylgde Debora;Jissakar kom, ¬og Barak var med;i hans fotefar fylgde dei ¬ned i dalen.Attmed bekkene i Rubenheldt dei lange rådleggingar.

16 Kvi vart du sitjande ¬mellom kløvkorgene,lydande på hjuring-fløyter?Attmed bekkene i Rubenheldt dei lange rådleggingar.

17 Gilead heldt seg i ropå den andre sida av Jordan.Og Dan, ¬kvi drygde han attmed skipa?Asjer som budde ¬utmed havsens strand,inni vikane heldt han seg i ro.

18 Men Sebulon var eit folk ¬som våga livet;det same gjorde Naftalipå høgdene der striden stod.

19 Kongar kom og stridde,ja, Kanaans kongar striddeved Ta’anak, ¬attmed Megiddo-bekken;men dei tok ikkje sølv ¬til hærfang.

20 Stjernene stridde ¬frå himmelen,frå sine baner ¬stridde dei mot Sisera.

21 Kisjon-bekken ¬reiv fienden bort,den eldgamle Kisjon-bekken.Skrid fram, mi sjel, med kraft!

22 Hardt slo hovane i marka,hestane fór i strykande tan.

23 «Forbanna Meros!» ¬sa Herrens engel.«Forbanna, ja forbanna ¬dei som bur der!For dei kom ikkje Herren ¬til hjelp,dei kom ikkje Herren til hjelp ¬med stridsmenn!»

24 Velsigna framom andre kvinner ¬vere Jael,kona til kenitten Heber.Velsigna vere hoframom alle kvinner ¬som bur i telt.

25 Sisera bad om vatn;ho gav han mjølk,rjome baud ho han ¬i ei storfelt skål.

26 Med venstre handa ¬treiv ho ein teltplugg,med den høgre ein hamar!Så slo ho til Sisera ¬og knuste hans hovud,dreiv pluggen inn ¬og kløyvde hans skalle.

27 For føtene hennar seig han ned,han stupte og vart liggjande.For føtene hennar seig han ned,og der han seig ned, låg han felt.

28 Mor til Sisera ¬ser ut gjennom glaset;ho stirer ut gjennom gluggen ¬og ropar:«Kva ventar vogna hans etter?Kvi dryer tråvarane hans?»

29 Dei klokaste fruene hennar ¬svarar,og ho tek det opp att ¬gong på gong:

30 «Visst finn dei hærfang å skifta:Ei jente eller to til manns,hærfang av fargerikt ty ¬til Sisera,hærfang av fargerikt ty,eit klede eller to ¬med gilde fargar,til å ha om halsen.»

31 Såleis skal dei gå til grunne,alle dine fiendar, Herre.Men dei som elskar deg,skal vera som solanår ho renn i sitt velde. Sidan hadde landet fred i førti år.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21