5 Rut svara: «Eg skal gjera alt det du seier.»
6 Så gjekk ho ned til treskjevollen og gjorde i alle måtar så som vermora hadde sagt.
7 Då Boas hadde ete og drukke og var komen i godlag, gjekk han og la seg attmed kornhaugen. Då kom ho stilt, lyfte på teppet og la seg nedmed føtene hans.
8 Midnattstider kvakk mannen til. Han bøygde seg framover, og så fekk han sjå at det låg ei kvinne nedmed føtene hans.
9 «Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestkvinna di,» svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.»
10 Då sa han: «Herren velsigne deg, dotter mi! Du har vist endå større truskap no enn før, sidan du ikkje har gått etter dei unge mennene, korkje dei fattige eller dei rike.
11 Så ver ikkje redd, dotter mi! Alt det du seier, vil eg gjera for deg; for alt folket her på staden veit at du er ei bra kvinne.