1 Imedan hadde Boas gått opp til byporten og sett seg der. Då høvde det så at den løysingsmannen som Boas hadde tala om, gjekk framom, og Boas sa: «Kom hit og set deg!» Då kom han og sette seg.
2 No kalla Boas til seg ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg.
3 Så sa han til løysingsmannen: «No’omi, som er komen heim att frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, åtte.
4 Eg tenkte at eg ville varsla deg om dette og seia: Kjøp det du medan dei er til stades, dei som sit her, medan dei eldste i folket mitt er til stades! Vil du løysa det, så gjer det! Vil du ikkje løysa det, så sei frå, så eg får vita det! For ingen annan har løysingsretten enn du, og nest etter deg er det eg sjølv.» Han svara: «Eg vil løysa det.»
5 Då sa Boas: «Men når du kjøper jordstykket av No’omi, må du òg ta moabittkvinna Rut, enkja, så den avlidne kan få ein arving til arvelut.»
6 Løysingsmannen svara: «Så kan eg ikkje nytta løysingsretten min, for då kom eg til å gjera arven åt mine eigne born mindre. Løys du det eg skulle ha løyst, for eg kan ikkje.»
7 Det var gamal sed i Israel at ein mann, når han skulle stadfesta ei innløysing eller ein bytehandel, drog av seg sandalen og gav han til den andre parten. Såleis vart ei sak vitnefast i Israel.