9 Då sa Boas til dei eldste og til alt folket: «De er i dag vitne på at eg kjøper av No’omi alt det som Elimelek har ått, og alt det som Kiljon og Maklon har ått.
10 Og eg tek moabittkvinna Rut, enkja etter Maklon, til kone, så den avlidne kan få ein arving til arvelut, så namnet hans ikkje skal verta utsletta or ætta og gløymt i porten på heimstaden hans. Det er de vitne på i dag.»
11 Alt folket som var i byporten, og dei eldste svara: «Ja, det er vi vitne på. Gjev Herren må la den kvinna som no kjem i huset ditt, verta som Rakel og Lea, dei to som bygde Israels hus! Gjev du må koma til velmakt i Efrata og vinna deg eit namn i Betlehem!
12 Gjev dei etterkomarar som Herren lèt deg få med denne unge kvinna, må gje deg ei ætt som ætta åt Peres, han som Tamar fekk åt Juda!»
13 Så tok Boas Rut heim til seg, og ho vart kona hans. Då han kom saman med henne, laga Herren det så at ho vart med barn, og ho fekk ein son.
14 Då sa kvinnene til No’omi: «Lova vere Herren, som ikkje lét deg vanta løysingsmann i dag! Gjev denne sonen må verta namngjeten i Israel!
15 Han skal gje deg ny kraft og syta for deg i alderdomen. For sonekona di, som held så av deg, er mor hans, og ho er meir for deg enn sju søner.»