1 Dette er Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.
2 Eg riv bort,alt riv eg bort frå jorda,lyder ordet frå Herren.
3 Eg riv bort både folk og fe,fuglen i lufta og fisken i sjøen.Eg fører dei ugudelege til fallog rydjar menneska ut av jorda,lyder ordet frå Herren.
4 Eg retter ut handa mot Juda,mot alle som bur i Jerusalem.Eg tek bort frå denne stadenalt som er att av Ba’al,og namnet åt avgudsprestanesaman med prestane.
5 Eg rydjar ut dei som tilbedhimmelhæren på taka,dei som tilbed Herren ¬og sver ved han,men samstundes sver ¬ved Milkom,
6 og dei som har vendt ¬Herren ryggen,som ikkje søkjer Herrenog ikkje spør han til råds.
7 Ver still for Herren Gud,for Herrens dag er nær!Herren har laga til ¬ei offerslakting,han har vigt sine gjester.
8 På Herrens slaktofferdag ¬skal det hendaat eg straffar hovdingar ¬og kongssønerog alle som kler seg ¬i utanlandsk drakt.
9 Den dagen vil eg straffaalle dei som stig opp ¬på pallen,dei som fyller sin Herres hus ¬med vald og svik.
10 Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,skal det høyrast skrik ¬frå Fiskeporten,jammer frå Nybyenog sterkt brak frå haugane.
11 Hyl, de som bur i Morteren,for heile kræmarfolket ¬er gjort til inkjes,utrudde er alle ¬som vog opp sølv.
12 På den tid skal det hendaat eg ransakar Jerusalem ¬med ljos og lyktog krev mennene der ¬til rekneskap,dei som sit stive ¬over bermen av sin vinog seier med seg sjølve:«Herren gjer korkje godt ¬eller vondt.»
13 Eigedomen deira ¬skal plyndrastog husa deira øydeleggjast.Byggjer dei hus, ¬får dei ikkje bu i dei,plantar dei vinhagar, ¬får dei ikkje drikka vinen.
14 Nær er Herrens dag, den store;han er nær og kjem med hast!Høyr, beisk er Herrens dag,då ropar krigaren høgt.
15 Den dagen er ein vreidedag,ein dag med naud og trengsle,ein dag med storm og herjing,ein dag med mørker ¬og dimme,ein dag med skyer og skodd,
16 ein dag med hornlåt og hærropmot dei faste borgerog mot dei høge tårn.
17 Då vil eg gjera folk så reddeat dei går ikring som blinde,for dei har synda mot Herren.Blodet deira ¬skal kastast ut som avfallog kjøtet deira som møk.
18 Deira sølv og gull ¬kan ikkje berga dei.På sin vreidedag skal Herreni sin brennhug ¬øyda heile jorda.For han gjer ende, ja brå endepå alle som bur på jorda.