13 Eigedomen deira ¬skal plyndrastog husa deira øydeleggjast.Byggjer dei hus, ¬får dei ikkje bu i dei,plantar dei vinhagar, ¬får dei ikkje drikka vinen.
14 Nær er Herrens dag, den store;han er nær og kjem med hast!Høyr, beisk er Herrens dag,då ropar krigaren høgt.
15 Den dagen er ein vreidedag,ein dag med naud og trengsle,ein dag med storm og herjing,ein dag med mørker ¬og dimme,ein dag med skyer og skodd,
16 ein dag med hornlåt og hærropmot dei faste borgerog mot dei høge tårn.
17 Då vil eg gjera folk så reddeat dei går ikring som blinde,for dei har synda mot Herren.Blodet deira ¬skal kastast ut som avfallog kjøtet deira som møk.
18 Deira sølv og gull ¬kan ikkje berga dei.På sin vreidedag skal Herreni sin brennhug ¬øyda heile jorda.For han gjer ende, ja brå endepå alle som bur på jorda.