2 Eg riv bort,alt riv eg bort frå jorda,lyder ordet frå Herren.
3 Eg riv bort både folk og fe,fuglen i lufta og fisken i sjøen.Eg fører dei ugudelege til fallog rydjar menneska ut av jorda,lyder ordet frå Herren.
4 Eg retter ut handa mot Juda,mot alle som bur i Jerusalem.Eg tek bort frå denne stadenalt som er att av Ba’al,og namnet åt avgudsprestanesaman med prestane.
5 Eg rydjar ut dei som tilbedhimmelhæren på taka,dei som tilbed Herren ¬og sver ved han,men samstundes sver ¬ved Milkom,
6 og dei som har vendt ¬Herren ryggen,som ikkje søkjer Herrenog ikkje spør han til råds.
7 Ver still for Herren Gud,for Herrens dag er nær!Herren har laga til ¬ei offerslakting,han har vigt sine gjester.
8 På Herrens slaktofferdag ¬skal det hendaat eg straffar hovdingar ¬og kongssønerog alle som kler seg ¬i utanlandsk drakt.