1 Kom saman, ¬hald samling,du folk som ikkje skjemmest,
2 før de kverv ¬som fykande agner,før han kjem over dykk,Herrens brennande vreide,før han kjem over dykk,Herrens vreidedag!
3 Søk Herren,alle de audmjuke i landet,de som gjer hans vilje!Legg vinn på rettferd ¬og audmykt,så vert de kanskje spartepå Herrens vreidedag!
4 Gasa skal liggja folketomtog Asjkalon verta ei øydemark.Midt på ljose dagenskal folket i Asjdod ¬drivast bort,og Ekron skal herjast ¬til grunnen.
5 Ve deg, du kretarfolk,som bur utmed havet!Dette er Herrens ord mot deg:«Kanaan, du Filistarland,eg legg deg i øyde, ¬så ingen kan bu der.
6 Landet ved havet ¬skal verta til beite,til hamnegang for gjætarar,til kve for sau og geit.»
7 Dei som er att av Juda-ætta,skal få landet ved havet i eige.Der skal dei ha sitt beiteland,og om kvelden skal dei kvila ¬i husa i Asjkalon.For Herren deira Gud ¬skal sjå til dei,han skal venda deira lagnad.